Månedens samarbeidspartner - Volda kommune og Ørsta kommune

Møre og Romsdal har som mål å bli bærekraftsfylke nr. 1 i landet, og kommunene er pekt ut som nøkkelaktører i dette arbeidet. For Volda og Ørsta er bærekraftsmålene styrende i all deres virksomhet, og ved å være Fairtrade kommuner, kan de bidra til å nå flere av målene. Et viktig fokus for begge kommunene er å øke kunnskapen og forbruket av Fairtrade-merkede produkter blant innbyggerne gjennom diverse aktiviteter og informasjonsdeling. Vi stilte Ingrid Opedal, leder i styringsgruppen for Fairtrade-kommunene Volda og Ørsta, noen spørsmål om deres arbeid som Fairtrade-kommune.

Ordfører i Volda, Sølvi Dimmen, og ordfører i Ørsta, Stein Aam, sammen med medlemmer i styringsgruppa Annlaug Stokke, Kjell Petter Wiik og Ingrid Opedal.

Kan dere fortelle litt om hvordan samarbeidet med Fairtrade startet?

Fairtrade-arbeidet starta med eit initiativ frå lokallaget til Framtiden i våre hender i Volda og Ørsta i 2007. Kommunestyrerepresentantar frå fleire parti tok opp saka, og begge kommunestyra vedtok å sende søknader om å bli Fairtrade-kommunar. Kanskje hadde det ei viss betydning at det i Volda på 1980-90-talet fanst ein Alternativ Handel, driven på frivillig basis, og at fleire av deltakarane i styringsgruppa også var med den gongen. Søknadene vart innvilga, og begge kommunane fekk Fairtrade-status i 2008. Det vart etablert ei felles styringsgruppe med kommunale representantar og folk frå ulike lag og organisasjonar. Etter dette har kommunane søkt om, og fått godkjent, fornya status annakvart år. I 2021 håpar vi på ny fornying av statusen.

Hvordan ser kommunen på statusen som Fairtrade-kommune som en del av sitt arbeid med bærekraft?

Volda og Ørsta ligg i Møre og Romsdal, som har som mål å bli berekraft-fylke nr. 1 i landet. Kommunane er peika ut som nøkkelaktørar i dette arbeidet, og berekraftmåla skal gjennomsyre all verksemd. Å vere Fairtrade-kommune kan bidra i arbeidet med å nå mange av måla, til dømes å utrydde fattigdom og svolt, sikre god utdanning, reint vatn, gode sanitærforhold og anstendig arbeid, berekraftige lokalsamfunn, ansvarleg forbruk og produksjon. Ved å kjøpe Fairtrade-merkte varer bidreg ein til betre løn og arbeidstilhøve, og hjelper småskala produsentar til å bli betre rusta til å møte problem som fattigdom, klimaendringar, og også til å utvikle eit meir berekraftig landbruk.

Hvilke mål har kommunen satt seg i forbindelse med sin status som Fairtrade-kommune? 

Volda har som mål at 90 % av kaffien som vert kjøpt inn gjennom det interkommunale innkjøpssamarbeidet skal vere Fairtrade i 2021. På grunn av kaffimaskiner og innkjøpsavtalar er det vanskeleg å nå 100 %, så ved fornying er det den andre vara som vil få auka %. Tidlegare har ein brukt 100 % Fairtrade-kakao, men ny leverandør som ikkje kan levere denne, gjer at ein vil gå over til te. I Ørsta er kaffimålet 65 %, og te-målet 10 %. Kaffimålet er ifølgje dei som jobbar med innkjøp overoppfylt. Den % vert truleg auka i samband med ny søknad.

I tillegg er målet å auke kunnskapen, og forbruket, av Fairtrade-produkt hjå innbyggarane. Styringsgruppa driv med mange aktivitetar, som butikktestar, stand i butikk og på andre arrangement, informasjon på Facebooksida og i lokalmedia, og årlege laurdagsseminar for elevane på Møre folkehøgskule. Der når vi mange unge! 

Hvordan jobber kommunen med kommunikasjon knyttet til Fairtrade og/ eller bærekraftsarbeidet? Hvordan engasjerer kommunen innbyggerne og ansatte i dette arbeidet? 

I kommunane arbeider ein med berekraft i samband med samfunns- og arealplanlegginga. I Volda har formannskapet, leiargruppa og andre nøkkelpersonar frå administrasjonen delteke på to arbeidsmøte hausten 2020, knytt til kommunal planstrategi og FN sine berekraftsmål. Arbeidet med berekraftsmåla skal takast med vidare til kommuneplan og anna planarbeid, slik at dei vert konkretiserte i lokale tiltak. Volda har også eit prosjekt der ein ser på mulegheiter for å handle lokale råvarer innanfor innkjøpsavtalen; ei anna form for meir direkte handel med produsentane.

Då kommunane markerte fornya status i 2019, sa Voldaordførar Sølvi Dimmen følgjande: -Eg er veldig stolt av at Volda kommune held fram som Fairtrade-kommune. Takka vere dei som i 2008 tok initiativet til at Volda og Ørsta skulle søkje om Fairtrade-status, takka vere lokalpolitikarane som har sagt ja til at vi framleis skal vere Fairtrade-kommunar, og takka vere positive innkjøparar på dei store institusjonane våre, kan vi faktisk seie at på dette området så ligg vi ei båtlengd framføre mange andre kommunar. Ho oppfordra også alle andre bedrifter i Volda og Ørsta om å innføre Fairtrade på sin arbeidsplass.

Ordførar Stein Aam i Ørsta sa følgjande: - Eg er stolt over at Volda og Ørsta er langt framme i Fairtrade-arbeidet, og at ein på denne måten er med på å gi bønder kringom i verda betre vilkår. Eg registrerer likevel at Volda har sett seg høgare mål enn Ørsta, og det likar eg ikkje heilt. Vi ørstingane må vere like ambisiøse som voldingane. Vi skal bli like gode eller betre. Vi skal vere med og snakke fram Fairtrade. 

Når det gjeld kommunikasjon om Fairtrade, har begge kommunane artiklar om Fairtrade på heimesidene sine. Bortsett frå det, er det styringsgruppa som arbeider mest aktivt med å engasjere innbyggarane. 

Det finnes fortsatt et stort potensial for Fairtrade i det norske markedet. Hvorfor bør andre følge deres eksempel?

Å vere Fairtrade-kommune er ein svært konkret og synleg måte å arbeide med berekraftmåla på, noko som også verkar positivt inn på omdømet til kommunane. Kvar gong vi gjer ein handel, påverkar vi omgjevnadene, både her heime og andre stader i verda. Kommunane har stor innkjøpsmakt. I 2015 sto kommuneforvaltninga for om lag 38 % av totale offentlege innkjøp, noko som utgjorde over 183 mrd kroner. Kommunane har også eit ansvar for å fremje respekt for grunnleggande menneskerettar når dei gjer innkjøp, ifølgje Lov om offentlege innkjøp. Framfor å utvikle eigne krav, kan innkjøparar bruke godkjende sertifiseringar, til dømes Fairtrade, og slik forenkle og effektivisere innkjøpsprosessen. Til sjuande og sist handlar det om å ta samfunnsansvar!